Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund

Du er her: Forsiden / Gjestekommentar / Med lukt av tradisjonar

Med lukt av tradisjonar

Gjestekommentaren nr. 10, 2013 er skrevet av Hanne Maren Blåfjelldal, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet.
- Eit av dei artigaste oppdraga eg har hatt som statssekretær var å møte dykk på Latter for å dele ut prisen for årets pinnekjøt.

Mitt fyrste møte med Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF) var for om lag fire og eit halvt år sidan. Det var valkamp, og eg var 2. kandidat for Oppland Frp. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle inn på Stortinget, og i den samanheng takka eg ja til alt av invitasjonar.

Ein av invitasjonane eg fekk var frå KLF. Dei inviterte stortingskandidatar over heile landet til å besøkje medlemsføretak i KLF for å auke vår kompetanse om privat kjøttindustri. Eg takka ja, og besøkte Brandbu pølsemakeri. Der fekk eg lære om produksjonen deira og utfordringar dei hadde i kvardagen sin.

Eg kom ikkje inn på Stortinget i 2009, og i år brukte eg ikkje tida mi på valkamp, men på å vere lærar. Eg hadde slutta med politikk, og hadde for lengst gløymt besøket på Brandbu pølsemakeri i 2009. I alle fall fram til 16. oktober.

16. oktober vart eg utnemnd til statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. Hadde nokon sagt til meg under besøket på Brandbu pølsemakeri i 2009 at eg om fire år skulle vere med å styre det politikkområdet eg der lærte meir om, ville eg nok skratta og spurt om vedkommande ikkje hadde prioritert akevitten i staden for maten.

I blant gjeld det å berre kaste seg ut i ting utan heilt å ane konsekvensane av dei vala ein tek. Som gründerar og sjølvstendig næringsdrivande er de mykje flinkare enn meg på slikt. Dei som tør å satse på noko dei trur på, er mine heltar. Eg har møtt fleire av dei i løpet av mine to månader som statssekretær, men håper å treffe endå fleire.

Eit av dei artigaste oppdraga eg har hatt som statssekretær var å møte dykk på «Latter» for å dele ut prisen for årets pinnekjøt. Der var det glede og latter og stemninga stod i taket. Gratulerer nok ein gong til både Nordfjord Kjøtt og til alle andre som vann prisar under NM i kjøtprodukt.

Både eg og Sylvi Listhaug brukar mykje tid på å reise rundt i landet for å bli kjend med dei som produserer mat, og vi gler oss til å treffe fleire av medlemsbedriftene i KLF.

No er det snart jul. Jul er ei høgtid full av minner, smakar, luktar og tradisjonar. De produserer mange produkt som for mange er sjølve symbola på jul; pinnekjøt, ribbe, juleskinke, sylte, rull og julepølse. Eg skal heim til Valdres – for det er nemleg ingen som lagar julemat slik mamma kan. Å kome heim til jul er for meg synonymt med lukt av ribbe og mammas heimlaga surkål, mens ho svirrar rundt bekymra for om svoren blir sprø i år. Med ønskjer om ei god jul til dykk alle. Eg håper å møte fleire av dykk i løpet av 2014.

Les flere saker fra bladet Kjøttbransjen nr. 10, 2013.

Les flere saker fra siste utgave av bladet Kjøttbransjen.

Utviklet av 07 Web
Bransjeoversikt