Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund

Du er her: Forsiden / Gjestekommentar / Marknadsordningane – naudsynt for auka norsk produksjon

Marknadsordningane – naudsynt for å auke norsk matproduksjon

Gjestekommentaren nr. 2, 2014 er skrevet av Nils T. Bjørke, leder i Norsk Bondelag.
- Gjennom marknadsordningane er bonden sikra avsetning for sine produkt til tilnærma lik pris uansett kor garden ligg.

Gjestekommentaren nr. 2, 2014 er skrevet av Nils T. Bjørke, leder i Norsk Bondelag.

Marknadsordningane er ein av bærebjelkane i norsk landbrukspolitikk, ein føresetnad for at me kan ha landbruk over heile landet. Gjennom marknadsordningane er bonden sikra avsetning for sine produkt til tilnærma lik pris uansett kor garden ligg. Om me skal nå målet om auka norsk matproduksjon slik Stortingets næringskomité samrøystes har vedteke, må me ha ein politikk som legg til rette for at me kan nytte alle tilgjengelege arealressursar kring i landet.

Tilbod og etterspurnad etter matvarer let seg ikkje like lett styre ved å justere pris. Det tek tre år å produsere ein biff. Og den einskilde sitt behov for mat er nokolunde det same frå dag til dag. Den norske marknaden er også avgrensa og eksportmoglegheitene små. Jordbruket treng difor andre tiltak enn berre pris for å balansere marknaden og hindre store overskot eller underskot. Noko marknadsordningane sørgjer for, og slik bidreg til å redusere risikoen ved å drive og investere i næringa. Både bonden, og slakteri og anna foredlingsindustri er sikra stabil tilgang på råvarer gjennom ordningane.

I desse dagar ventar me spent på mandat og oppnemning av utvalet statsråd Sylvi Listhaug er i gang med å setje ned for å sjå på ordningane. Utgangspunkt for arbeidet er eit ynskje om sterkare konkurranse i  næringsmiddelindustrien, og å gjera marknadsregulatorordningane meir uavhengig av samvirkeorganisasjonane.

Norges Bondelag er invitert med i arbeidet, og vil bidra konstruktivt til å sjå på om noko bør endras for å nå formåla med ordningane enda betre. Eg vil difor minna om at formålet med ordningane er marknadsbalansering og optimal utnytting av dei samla arealressursane i Noreg. At ordningane vert utøva slik at dei ikkje gjev konkurransevriding mellom samvirka og anna matindustri er avgjerande. Ei god ordning tåler godt å gjennomgåast. Eg voner ein
gjennomgang vil bidra til å avlive ein del myter og styrke ordninga si legitimitet.

I dag, då marknadsreguleringa vert utført av eit produsenteigd samvirke – og finansiert av bonden sjølv, er det i felles interesse at dette blir gjort så rimeleg og effektivt som mogeleg. Norges Bondelag meiner dagens ordning har sterke incitament for å halde kostnadene nede. Oppbygging av et statleg byråkrati for å drive marknadsbalansering slik mellom anna KLF har teke til orde for, vil truleg gje både ein høgare kostnad og vera mindre treffsikkert.

Eg ser fram til å samarbeide med KLF og andre aktørar for å få ei best mogleg marknadsordning framover til beste for forbrukaren, industrien og bonden.

Les andre tidligere gjestekommentarer i bladet Kjøttbransjen.

Les flere saker fra bladet Kjøttbransjen nr. 2, 2014.

Utviklet av 07 Web
Bransjeoversikt